• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    17.04.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5075244
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 06.04.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Rådgjevar personvern

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å bidra til at kommunane Sogndal, Lærdal og Årdal handsamar personopplysningane til våre innbyggjarar rett?  

Då ser me fram til å sjå ein søknad frå deg. 


Sogndal, Årdal og Lærdal har gått i lag om samarbeid om personvern- og sikkerheitsarbeid slik at ein på best måte tek i vare dei krava som blir stilt til kommunen som behandlingsansvarleg.  

I kommunen får du jobbe inn i mange ulike sektorar, med komplekse utfordringar og spennende problemstillingar. 

Kommunane behandlar mange personopplysningar og det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at kommunen handsamar personopplysningane deira rett. 

Stillinga får hovudansvaret for å få på plass all naudsynt dokumentasjon og rutinar rundt GDPR regelverket. Kontrollere, gi råd og informere om korleis kommunane kan ivareta personverninteressene til sine innbyggjarar på best mogleg måte. 

I stillinga vil du blant anna jobbe med å kvalitetssikre oversikt over personopplysningar, opplæring, implementering av internkontrollsystem, fortløpande rådgiving og bistand ved personvernkonsekvensvurderingar, samt ha ansvar for utforming av avvik som skal sendast til Datatilsynet.

I tillegg vil du måtte vere tilgjengeleg for innbyggjarar som har spørsmål om sine rettar.  

I stillinga vil du vere med på å sikre personvernet i Sogndal, Årdal og Lærdal og etterleve krava i EU sin personvernforordning.

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Medverke til å finne gode løysingar på personvernutfordringar, gjennom aktiv bruk av moglegheitsrommet regelverket har. Gje råd, rettleiing og opplæring til tilsette og leiarar i handsaming av personopplysningar og personvernspørsmål 
  • Følgje opp avvik og brot på personvernlovgivinga 
    • Vere verksemda sin kontaktperson innan personvernrelaterte spørsmål og oppgåver. 
    • Gi råd ved utvikling og revisjonar av styrande dokument og prosedyrar innan personvern
    • Gjennomføre kontroll- og oppfølgingstiltak
    • Bidra til oppbygging/vidareutvikling av personvern på systemnivå
    • Sikre etterleving av EU sin personvernforordning og personvernlovgiving. 
    • Sakshandsaming i personvernspørsmål, t.d: 
      • gi råd i personvernkonsekvensvurderingar og 
      • skrive tilrådingar 
      • Halde oversikt over kommunane si handsaming av personopplysningar 
      • Utarbeide årshjul for personvernarbeidet
      • Gjennomføre og følgje opp faste oppfølgingsmøter med dei tre kommunane

Me leitar etter deg med stor interesse for fagfeltet og som vil bidra til utvikling og som gjerne har

  • relevant høgskule-/universitetsutdanning 
  • kompetanse innan personvern 
  • erfaring frå offentleg sektor og/eller større organisasjonar
  • god forståing for teknologi og digitale prosesser
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne er eit krav
  • evne til å raskt tileigne deg kunnskap og arbeide målretta 
  • evne til å finne praktiske løysingar i samarbeid med andre når personvernkrav møter nye behov i organisasjonen. 
  • erfaring frå å utarbeide ROS og DPIA 
  • dokumentasjon på god kjennskap og praksis til krava i personopplysningslova med tilhøyrande forskrifter. 

 

Det vil bli vektlagt dersom du kan dokumentere resultat frå arbeidsområde som er relevante for stillinga.  Omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

 

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å stimulere resten av verksemda til å handsame personopplysningar i samsvar med regelverket. 
  • Viser høg fagleg og personleg integritet  
  • Initiativrik og proaktiv 
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • God evne til skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk 
  • Evne til å tenke heilskapleg på tvers av fagområde 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ut over eige fagområde 

 

Me tilbyr:

  • Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Gode velferdsordningar. 
  • Fleksible arbeidstidsordningar. 
  • Løn etter avtale. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    17.04.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5075244
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 06.04.2023