• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    02.03.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6055784
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 07.02.2025
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Personalsjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du arbeide med å utvikle våre tilsette og vår organisasjon?

Sunnfjord kommune ser etter ein engasjert og dyktig personalsjef som vil vere med på å forme framtida vår. Stillinga er ledig frå 1. august 2025 etter at vår noverande personalsjef går av med pensjon. Stillinga inngår for tida i kommunedirektøren si leiargruppe. Er du klar for å utfordre deg sjølv og leie eit team som set ein ny standard for personalutviklinga?

Som personalsjef vil du ha ansvar for vår personaleining, som i dag består av åtte dyktige medarbeidarar. Saman jobbar vi for å styrke Sunnfjord kommune som arbeidsgjevar, skape eit godt arbeidsmiljø og bidra til kontinuerleg fagleg utvikling. Du vil vere ein nøkkelperson i eit dynamisk team som jobbar tett med både leiarar, tillitsvalde og vernetenesta for å utvikle strategiar og tiltak som sikrar trivsel og god arbeidskvardag for alle tilsette.

Dine arbeidsområde vil inkludere:
  • leie utviklinga av styringsdokument innan personal og HMT (helse, miljø og tryggleik)
  • delta i spennande utviklingsprosjekt som formar framtida vår
  • gje strategisk leiarstøtte og sørge for opplæring og kompetanseutvikling
  • handtere personell- og arbeidsmiljøsaker
  • utvikle og implementere løns- og forhandlingspolitikk for kommunen
  • aktivt delta i partssamarbeidet med arbeidstakarorganisasjonar og verneteneste
  • delta i dagleg drift i eininga og administrere frikjøp av HTV og HVO

Vi søker ein dyktig leiar med relevant høgare utdanning og solid erfaring innan personal- og leiing.  

For at du skal trivast og lykkast som personalsjef vil vi at du er:
  • engasjert i fagleg utvikling og ivrig etter å samarbeide på tvers av organisasjonen
  • Ein tydleg leiar som kan motivere, planlegge og gjennomføre viktige prosessar
  • En leiar som ser og verdset den enkelte medarbeidar, og som har evne til å bygge tillit og gje ansvar

Vi tilbyr ei spennande og utfordrande leiarrolle i ei kommune i utvikling. Du vil få moglegheit til å forme og utvikle vår personalpolitikk og arbeid i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, gode kollega og god fagleg støtte.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    02.03.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6055784
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 07.02.2025