Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6055784Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Personalsjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du arbeide med å utvikle våre tilsette og vår organisasjon?
Sunnfjord kommune ser etter ein engasjert og dyktig personalsjef som vil vere med på å forme framtida vår. Stillinga er ledig frå 1. august 2025 etter at vår noverande personalsjef går av med pensjon. Stillinga inngår for tida i kommunedirektøren si leiargruppe. Er du klar for å utfordre deg sjølv og leie eit team som set ein ny standard for personalutviklinga?
Som personalsjef vil du ha ansvar for vår personaleining, som i dag består av åtte dyktige medarbeidarar. Saman jobbar vi for å styrke Sunnfjord kommune som arbeidsgjevar, skape eit godt arbeidsmiljø og bidra til kontinuerleg fagleg utvikling. Du vil vere ein nøkkelperson i eit dynamisk team som jobbar tett med både leiarar, tillitsvalde og vernetenesta for å utvikle strategiar og tiltak som sikrar trivsel og god arbeidskvardag for alle tilsette.
Dine arbeidsområde vil inkludere:- leie utviklinga av styringsdokument innan personal og HMT (helse, miljø og tryggleik)
- delta i spennande utviklingsprosjekt som formar framtida vår
- gje strategisk leiarstøtte og sørge for opplæring og kompetanseutvikling
- handtere personell- og arbeidsmiljøsaker
- utvikle og implementere løns- og forhandlingspolitikk for kommunen
- aktivt delta i partssamarbeidet med arbeidstakarorganisasjonar og verneteneste
- delta i dagleg drift i eininga og administrere frikjøp av HTV og HVO
Vi søker ein dyktig leiar med relevant høgare utdanning og solid erfaring innan personal- og leiing.
For at du skal trivast og lykkast som personalsjef vil vi at du er:- engasjert i fagleg utvikling og ivrig etter å samarbeide på tvers av organisasjonen
- Ein tydleg leiar som kan motivere, planlegge og gjennomføre viktige prosessar
- En leiar som ser og verdset den enkelte medarbeidar, og som har evne til å bygge tillit og gje ansvar
Vi tilbyr ei spennande og utfordrande leiarrolle i ei kommune i utvikling. Du vil få moglegheit til å forme og utvikle vår personalpolitikk og arbeid i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, gode kollega og god fagleg støtte.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6055784Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune