Company
Ål KommuneApplication deadline
09.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6497154Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Pedagogiske leiarar
Offentlig forvaltning
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik, med 2 til 6 avdelingar.
Du kan lesa meir om den einskilde barnehage i kommunen her: https://www.aal.kommune.no/meny/barnehage-og-skule/barnehage-i-al/
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring og inkluderande praksis, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Overgangar er eit område vi arbeider med for å få til å flyte godt.
Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette. Men først og fremst må du like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Frå 01.08.26 har vi ledig pedagogiske leiarstillingar i alle 5 barnehagane våre.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
- Ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Er ein leikande og profesjonell vaksen.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Er løysingsorientert, fleksibel og lojal.
- Har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna.
- Kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
- Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling gjennom rettleiing og kompetanseheving.
- Tydelege verdiar og eit heilheitleg pedagogisk fundament for arbeidet med barna.
- Gode persjons- og forsikringsordningar i offentleg sektor.
- Stillingsprosent ut frå ønskje/behov.
Politiattest og søknad
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
09.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6497154Look here for other jobs from Ål Kommune