Ledig stilling

Ål Kommune

Pedagogiske leiarar

Offentlig forvaltning

Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik, med 2 til 6 avdelingar.  
Du kan lesa meir om den einskilde barnehage i kommunen her: https://www.aal.kommune.no/meny/barnehage-og-skule/barnehage-i-al/

Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring og inkluderande praksis, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Overgangar er eit område vi arbeider med for å få til å flyte godt.

Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette.  Men først og fremst må du like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell. 

Frå 01.08.26 har vi ledig pedagogiske leiarstillingar i alle 5 barnehagane våre.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
  • Ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
  • Er ein leikande og profesjonell vaksen.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Likar å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Er løysingsorientert, fleksibel og lojal.
  • Har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna.
  • Kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
  • Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling gjennom rettleiing og kompetanseheving. 
  • Tydelege verdiar og eit heilheitleg pedagogisk fundament for arbeidet med barna.
  • Gode persjons- og forsikringsordningar i offentleg sektor. 
  • Stillingsprosent ut frå ønskje/behov.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!