Company
Giske KommuneApplication deadline
20.10.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3200756Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 05.10.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Giske Kommune
Pedagogisk rådgjevar barnehage 100 % stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske kommune har frå 01.01.2021 ledig 100 % stilling som pedagogisk rådgjevar innanfor barnehageområdet. Stillinga er eit i to års vikariat, men kan bli fast. Stillinga ligg i rådmannen sin stab, og kommunalsjef for oppvekst er p.t næraste overordna. Arbeidsstad er Giske rådhus på Valderøya.
Giske kommune har eit mål om å utvikle berekraftige og framtidsretta tilbod med vekt på samspel og ei heilskapleg samfunnsutvikling. Med kommunen sin prioritering av omstilling og innovasjon er større og mindre prosjekt ein vanleg arbeidsmåte, ofte med eksterne partar og interkommunalt samarbeid.
Saman med Sula kommune blir utviklingsarbeidet To fram avslutta i haust, og framover skal kommunane og barnehagane sikre implementering av utarbeida kvalitetsdokument, standardar og rutiner. I samarbeid med skule- og helsesektoren skal ein sikre gode utviklingsvilkår for barn innafor autismespekteret i TALK-prosjektet. Giske kommune var realfagskommune i 2017 – 2019, og jobbar også med å oppretthalde barnehagane si auka kompetanse innafor dette området.
I tillegg til formell kompetanse vert personlege eigenskapar og at ein er skikka til stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal skannast som vedlegg til søknaden.
- Oppfølging av private og kommunale barnehagar gjennom planlegging og koordinering av kvalitets-/utviklingsarbeid i kommunen, forvaltning og tilsyn.
- Gi rettleiing, og motivere til utvikling av kvalitet og omstilling i barnehagane.
- Vi er aktivt med i regionalt samarbeid om utviking og kompetanseheving - rådgivaren er kommunen sin representant inn i dette samarbeidet
- Sakshandsaming, planarbeid, prosjektsøknader og rapportering innan barnehageområdet.
- Planlegging og leiing av regelmessige møter for styrargruppa der både private og kommunale barnehagar deltek – dette er eit viktig forum for samarbeid og utvikling.
- Koordinering av barnehageopptak og arbeid med spesialpedagogiske tiltak er også viktige oppgåver.
- Relevant utdanning fra høgskole/universitet
- Fagleg innsikt og digital kompetanse er avgjerande.
- Relevant erfaring og barnehagefagleg kompetanse er ønskjeleg
- Kunnskap om forvaltningsområdet er ønskjeleg
- God kompetanse innan prosjekt- og prosessarbeid og lærande arbeidsmåtar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta.
- Interesse for digitalisering og evne til å motivere til nye arbeidsmåtar med engasjement
- Vilje og evne til systemisk arbeid på ein utviklingsorientert måte
- God relasjons- og samhandlingskompetanse
- Evne til tydeleg kommunikasjon, samarbeid og samskaping.
- God formidlingsevne
- Strukturert og resultatorientert
- God arbeidskapasitet
- Tilbyr arbeid i fagmiljø i rask utvikling i eit kollegium med rause og flinke kollegaer som set pris på humor, ei kreativ og innovativ innstilling kombinert med systematisk og resultatorientert arbeid. Løn etter avtale og kvalifikasjonar.
Våre verdiar:
- Kvalitet gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling,
- Løysingsvilje gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Company
Giske KommuneApplication deadline
20.10.2020Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3200756Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 05.10.2020