• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6357848
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Pedagogisk rådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune søkjer pedagogisk rådgjevar som vil vere med å utvikle eit inkluderande og framtidsretta opplæringstilbod i hjartet av Sogn!

Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og vakre omgjevnadar, med fjord, fjell og natur rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Om lag 1300 tilsette jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for innbyggjarane våre. 

Om stillinga 
Som rådgjevar blir du ein del av oppvekstteamet i kommunen, og får jobbe tett på både skuleleiarar og kollegaer i organisasjonen og regionen. Du får høve til å påverke retning og utvikling, samstundes som du bidreg til gode og trygge læringsmiljø for elevar i heile Sogndalsskulen. 


Dine oppgåver

  • Rettleiing og sakshandsaming etter opplæringslova med forskrifter 

  • Utviklingsarbeid knytt til inkludering, fagleg kvalitet og kompetanse for framtida 

  • System- og kvalitetsarbeid i oppvekst og skule 

  • Bidra til utvikling av gode strukturar for samarbeid og læring 

  • Følgje opp prioriteringar i Sogndalsskulen og tverrfagleg samhandling 

Me ser etter deg som har
  • Relevant høgare pedagogisk utdanning 

  • God kjennskap til opplæringslova 

  • Erfaring frå skuleverket og pedagogisk utviklingsarbeid 

  • Evne til å sjå heilskap og er utviklingsorientert 

Personlege eigenskapar 

Me ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og initiativrik. Du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og i team, vere strukturert og analytisk, og ha gode formidlingsevner skriftleg og munnleg. Det vil bli lagt stor vekt på søkaren sine personlege eigenskapar. 


Me tilbyr
 

  • Ein meiningsfull jobb der du kan vere med og setje retning for framtidas skule 

  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø 

  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar 

  • Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling i ein kommune som legg vekt på læring og fellesskap 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb h oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6357848
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune