• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    15.08.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3969731
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 08.07.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar / pedagog – 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

PPT Alver har ledig 100% fast stilling som pedagogisk-psykologisk rådgjevar/ pedagog frå 01.09.2021.
PP-rådgjevar vil gå inn i eit av våre skuleteam og bistå med aktuell kompetanse. I tillegg vil ny PP-rådgjevar vere fastkontakt ute på skular. 

Om PPT
Alver kommune ligg i god pendlaravstand nord for Bergen. Alver PPT er lokalisert i det nye Helsehuset, Kvassnesvegen 40. Her har vi fine lyse og moderne lokale, og gode mogelegheiter til samarbeid med andre tenester for barn og unge som er lokalisert i Helsehuset. Alver PPT har totalt 20 stillingar, beståande av pedagogisk-psykologiske rådgjevarar med solid fagleg bakgrunn i spesialpedagogikk, logopedi og psykologi. Alver PPT er ei kommunal teneste som er organisert i barnehageteam, skuleteam og utøvande team.

Arbeidsoppgåver

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb, og vi søkjer deg som har engasjement og motivasjon for endringsarbeid. Sentrale oppgåver vil vere:

- Utgreiing og kartlegging på individ- og systemnivå
- Sakkunnig arbeid
- Rettleiing til pedagogisk personale i barnehage og skule
- Bidra med kunnskap- og kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skule
-  Bistå og bidra med organisasjonsutvikling med fokus på endringsleiing

Kompetanse

Vi søkjer etter medarbeidar som:

  • Har pedagogisk kompetanse på masternivå, relevant erfaring kan kompensere for utdanning. Cand.psychol kan ved særlege tilfelle bli vurdert inn i stillinga
  • Har god rettleiingskompetanse i høve individ- og systemretta arbeid i barnehage og grunnskule
  • Har generell god forståing for systemisk arbeid i endringsprosessar
  • Har god relasjonskompetanse
  • Har utgreiings- og testkompetanse
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har god evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Er fleksibel og løysingsorientert

 Vi legg i tillegg vekt på:

  • personlege eigenskapar
  • godkjent politiattest
  • førarkort klasse B

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale

God pensjonsordning

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    15.08.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3969731
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 08.07.2021