Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6466743Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og skape eit inkluderande og læringsfremjande miljø for barn og unge? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk PP-rådgjevar til Pedagogisk-psykologisk teneste for Ytre Sogn- og Sunnfjord.
PPT for ytre Sogn og -Sunnfjord er ei interkommunal teneste for kommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund. Fjaler er vertskommune og stillinga medfører arbeid i samtlege av tenesta sine kommunar. Tilsaman har vi 31 skular og barnehagar i kommunane. Kontoret vårt har tilsaman åtte stillingsheimlar. Kontorstad er Dale i Sunnfjord.
- utgreiing og sakkunnig vurdering av barn, elevar og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring
- rådgjeving og rettleiing til føresette, barnehagar og skular
- deltaking i tverrfagleg samarbeid og systemretta arbeid
- bidra til utviklingsarbeid i tenesta og i samarbeid med andre instansar
- høgare utdanning på masternivå innan spesialpedagogikk
- dersom manglande master, må søkjar vere villig til å skaffe seg slik utdanning
- har ein ikkje testkompetanse må ein vere villig til å ta dette
- ynskje om ei brei og nyare praksis- og skulerfaring frå arbeid i skule
- oppdatert på regelverk og lovar
- erfaring frå PP- tenesta knytt til utgreiing, sakkyndig arbeid og rettleiing er eit ynskje
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- du må ha førarkort, klasse B. Tenestebil vert nytta i tenesta
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.
Vi tilbyr
- eit utviklingsorientert og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
- støtte til vidareutdanning og spesialisering for fast tilsette etter retningslinjer for tenesta/kommunen
- løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
- god pensjonsordning gjennom KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
07.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6466743Se her for andre jobber fra Fjaler kommune