Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6040, VIGRA
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
6555326Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Pedagogisk leiar, vikariat ved Vigra barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vigra barnehage har ledig vikariat i 40 % stilling som pedagogisk leiar. Stillinga er ledig frå snarast og ut barnehageåret t.o.m. 26. juni 2026.
Vigra barnehage ligg flott til på Roald med natur på alle kantar. Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarns avdeling og to storbarnsavdelingar. I Vigra barnehage er vi opptatt av at alle, både barn og tilsette, skal gå heim med ei kjensle av at i dag var det bra eg kom. Barnehagen sin visjon er «Det er stort å vere liten i Vigra barnehage». Det betyr at vi har fokus på livsmeistring, inkludering, og å bygge gode relasjonar. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Sjekk oss ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage
Menn blir oppmoda om å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Barnehagelærarutdanning
- Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
- Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
- Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
- Løysings- og utviklingsorientert
- Evne til å jobbe tverrfagleg
Vi tilbyr:
- Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
23.03.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6040, VIGRA
GISKE
Antall stillinger
1karriere-kode
6555326Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
2. gongs utlysing av pedagogisk leiar/barnehageleiar i Gol barnehage
Gol kommune
GOL -
Styrar i Gol barnehage – Ny barnehage
Gol kommune
GOL -
Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2026
Giske Kommune
VALDERØYA -
Rettleiar ved Nav Giske
Giske Kommune
VALDERØYA -
Landsbyrettleiar fosterbarn 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME