• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    05.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5073889
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 27.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Giske Kommune

Pedagogisk leiar, vikariat ved Vigra barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig eit vikariat i 100 % stilling som pedagogisk leiar ved Vigra barnehage frå 01.08.2023 - 31.12.2023, men kan bli forlengt.

Vigra barnehage har tre  avdelingar med om lag 60 barn. Barnehagen ligg på Roald på Vigra i eit roleg bustadområde med gangavstand til fjell, skog og mange flotte strender.
 
Barnehagen sin visjon er «Det er stort å vere liten i Vigra barnehage». Det betyr at vi har fokus på livsmeistring, inkludering, bygge gode relasjonar, og skape ein arena der både barn og vaksne skal oppleve at i dag var det bra eg kom.

Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til magfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Menn blir oppmoda om å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

  • Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
  • Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
  • Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr:

  • Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
  • Konkurransedyktig løn
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    05.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5073889
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 27.03.2023