Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
04.12.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4891983Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 25.11.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Pedagogisk leiar/tilkallingsvikarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Langhaugane barnehage søker etter:
- pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 02.01.2023 til 02.01.2024 med moglegheit for forlenging
- pedagogisk leiar i 50 % vikariat som frå 01.04.2023 til 01.02.2024 med moglegheit for forlenging
- tilkallingsvikarar
Vi er ein kommunal barnehage som ligg ca. 15 minutt frå Førde sentrum. Barnehagen held til i eit nytt, flott bygg med 6 avdelingar. Vi har eit stort og godt uteområdet med tilpassa leikeapparat i forhold til alder og utvikling, grillhytte og naturleg vegetasjon i utkanten mot skogen. Vi er mykje ute i alt slags vær. I tillegg har vi eigen utfluktplan som legg opp til ulike stølsturar og ekskursjonar tilpassa dei ulike aldersgruppa. Vi er opptekne av å vere trygge og gode vaksne i møtet med barna, og dette er viktige kvalifikasjonar vi ser etter hos våre tilsette.
Vi søker etter deg som:- er utdanna barnehagelærar
- har gode evne til å leie barn og vaksne
- kan bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
Ved spørsmål om stillingane, kontakt einingsleiar Lena Kristin Slettemark på telefon 954 06 109 eller e-post lena.kristin.slettemark@sunnfjord.kommune.no
Slåttebakkane barnehage søker etter:
- tilkallingsvikar med moglegheit for mellombels tilsetting
Slåttebakkane barnehage opna i januar 1989 og vart totalrenovert i 2016. Vi held til sentralt midt i eit byggefelt i Slåttebakkane, med gangavstand til gode naturområde og varierte leikeplassar som vi nyttar mykje. I samarbeid med Slåttebakkane grannelag og foreldregruppa, har vi utarbeidd eit område i skogen som har fått namnet «Hundremetersskogen». Dette området ligg fint til rette for allsidig leik og utforsking, og er ein stad barna får leike og læra av og i naturen.
Ved spørsmål om stilling, kontakt eingsleiar Gudbjørg Gunnarsdóttir Kleppe på telefon 577 24 445 eller på e-post Gudbjorg.Gunnarsdóttir.Kleppe@sunnfjord.kommune.no
Bygstad barnehage søker etter:
- tilkallingsvikarar
Bygstad barnehage er ein av Sunnfjord kommune sine 18 kommunale barnehagar. Barnehagen flytta inn i nye bygg i 1993, og nytt påbygg stod ferdig i 2018. Barnehagen er i dag ein funksjonell barnehage i lyse og trivelege lokale både for store og små. Vi har eit stort uteområde og nærleik til skog og friområde. Vi har ei grillhytte i gå avstand til barnehagen, som er tilgjengeleg for alle barna og er i flittig bruk.
Ved spørsmål om stilling, kontakt einingsleiar Anne Jorunn Fauske på telefon 577 18 510 eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no
Solsida barnehage søker etter
- tilkallingsvikar med moglegheit for mellombels tilsetting
Solsida barnehage har sju avdelingar, fordelt på to adresser. Både på Haugum og på Toene driv vi barnehage i nye fine lokale, med godt tilrettelagde uteområde. Vi ligg godt til i høve natur-, kultur- og sentrumsaktivitetar. Vennskap og inkludering er viktig for oss. Vi har ei kompetent personalgruppe, med god variasjon i alder, kjønn og nasjonalitet.
Ved spørsmål om stillinga, kontakt einingsleiar Elin Siv Hagen på telefon 577 24 440 eller på e-post elin.siv.hagen@sunnfjord.kommune.no
For alle stillingane søker vi deg som:
- viser engasjement og initiativ
- har empati og kan gje god omsorg
- kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
- kan bidra til å finne gode løhysingar og skape utvikling
- behersker godt norsk, både munnleg og skriftleg
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
04.12.2022Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4891983Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 25.11.2022