• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    15.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5855835
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Askvoll kommune

Pedagogisk leiar i Røverompa barnehage - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Røverompa barnehage i Askvoll kommune har frå 1.desember 2024 ledig fast stilling som pedagogisk leiar i 100% stilling.

Røverompa barnehage er ein sentrumsbarnehage fordelt over to bygg (hovudbygg og brakkebygg), med totalt fire avdelingar. På hovudbygget er det to småbarnsavdelingar. På brakkebygget er det to storbarnsavdelingar, der ei av desse er ei uteavdeling.

Avdelingane brukar naturen og nærmiljøet aktivt, både som pedagogisk læring og fysisk aktivitet, men også til fellesskap og glede.

 

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiing av avdelinga
  • Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
  • Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
  • Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
  • Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
  • Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen
  • Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
  • Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader

 Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk vil vere av særleg interesse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
  • Meistre barnehagen sine digitale verktøy
  • Du er open for nytenking og har ferdigheiter innan digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
  • Du er fagleg oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • Du er ein tydeleg leiar, og samarbeider godt med andre
  • Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evna til å jobbe i team
  • Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
  • Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
  • Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
  • Løn etter avtaleverket
  • God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring
  • Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
  • Kompetanseheving for tilsette
  • Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølgjing)
  • Pedagogisk leiar-tillegg på kr. 34 000


Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    15.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5855835
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune