• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    06.12.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6767666
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
Vacancy

Askvoll kommune

Pedagogisk leiar i Bulandet barnehage - 80% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I Bulandet barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 80% vikariat som pedagogisk leiar i tida 04.01.27-18.07.27.

Bulandet barnehage ligg plassert heilt ytst i havgapet på den vestlandske kysten, noko som gir ungane ein heilt spesiell og unik nærleik til naturen, havet og lokalsamfunnet. Barnehagen og er samlokalisert med skulen, og samarbeider tett for å sikre ein trygg overgang frå barnehage til skule. Vi eit godt fagleg miljø og god trivsel.

Vi søker deg som:

  • er engasjert i barnas leik og utvikling
  • tek initiativ og er fleksibel
  • er opptatt av relasjonsbygging
  • nyttar kompetansen din til å reflektere i lag med teamet

Arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk arbeid i avdelinga
  • Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
  • Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
  • Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
  • Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
  • Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
  • Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader
  • Skape eit godt leike- og læringsmiljø og bruke ulike metodar for å sikre at alle barna sine interesser, behov og mulegheiter vert ivaretekne og utvikla

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar (søkjarar som har utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk
  • Andre søkjarar utan kvalifisert utdanning vert vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
  • Meistre barnehagen sine digitale verktøy

Personlege eigenskapar:

  • Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
  • Du er fagleg oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evna til å jobbe i team
  • Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
  • Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
  • Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
  • Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølgjing)
  • Samarbeid med dyktige og erfarne medarbeidarar
  • God forsikring
  • Offentleg pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Gyldig politiattest må framleggjast barnehagestyrar før tilsetjing.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    06.12.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6767666
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune