• Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    09.02.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6503429
  • Look here for other jobs from Gol kommune
Vacancy

Gol kommune

Pedagogisk leiar/barnehagelærar i Gol barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå August 2026.

 

Gol barnehage er felles overordna organisering av dei 3 kommunale barnehagane; Breidokk barnehage, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage og frå januar 2027 opnar ein ny barnehage i Gol kommune. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.

 

I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt, Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

 

Innhald i stillingane: Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.

 

Dine kvalifikasjonar:

* Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning

* Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy

* Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

 

Vi ønskjer oss av deg:

* Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson

* Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute

* Har evner til å skape gode relasjonar med barn

* Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre

* Er interessert i barn si utvikling og medverking

* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette

* Bidreg til eit raust arbeidsklima

* Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre

* Er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt 

* Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar

 

Vi kan tilby:

* Profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø

* Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk 

* Løn etter utdanning og praksis

* Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar

* Stillingsbeskriving

* Gratis trening

 

Anna:

* Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje

* Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid

* Dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar  

* Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar

 

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

 

  • Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    09.02.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6503429
  • Look here for other jobs from Gol kommune