• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    08.02.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3369411
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 26.01.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Pedagogisk leiar / barnehagelærar - Bø barnehage - vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Bø barnehage har ledig eit vikariat som barnehagelærar  / pedagogisk leiar i 100% stilling i samband med oppretting av ny småbarnsavdeling ved Bø barnehage Stillinga er ledig frå 01. februar til 15.08.2021. Det kan bli aktuelt med andre stillinga etter dette. 

Om arbeidsstaden

Bø barnehage har no 4 avdelingar.  Barnehagen tok i bruk heilt nye lokale 1/1 2021 i Bøvågen.  

Arbeidsoppgåver / Ansvar

-planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver

-nært samarbeid med dei andre pedagogane og resten av personalet

Kompetanse

Godkjent utdanning som barnehagelærar.

Eigenskaper

Vi ønskjer at du er systematisk, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne . Nyttig m.a. ved arbeid med dokumentasjon.

Samarbeidsvilje, sjølvstende, kommunikasjonsevne, litt "galskap" og godt humør vil og bli  vektlagt.

Vi ønskjer ein barnehagelærar som arbeider for å gi barna ein rik og allsidig utvikling ved å legge til rette for leik og læring i trygge og utviklande omgjevnader. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar og prosjektarbeid i tråd med barnehagen sine mål og visjonar og driv pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper.
Du har menneskeleg og pedagogisk innsikt og er kreativ og i stand til å tenkje sjølvstendig .Det er viktig å ha evne til å sjå enkeltbarn, samtidig som du har oversikt over barnegruppa i omsorgs- og læringsmiljøet.
I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hos oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlag i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.
Vi oppmodar menn til å søkje på stillinga..

 Lønsvilkår

Løna i stillingskode 6709 barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.  

Årsløn i heil stilling kr 411 400 ,- aukande til 506 400,- etter 16 årsansiennitet. For særskild kvalifiserte søkarar kan anna lønsplassering vurderast. Det er eit tillegg kr 20 000 for ansvar som pedagogisk leiar. 

Politiattest

Til stillinga er det krav om tilfredstillande politiattest heimla i forskfirt til barnehagelova. Den må visast fram ved tiltrede og vert makulert av oss etter framvisning.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    08.02.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3369411
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 26.01.2021