• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    05.07.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6655511
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning

Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik frå 2 til 6 avdelingar. Her jobbar styrarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å skape trygge og gode barnehagemiljø.

No søkjer vi ein engasjert barnehagelærar i 100 % vikariat som pedagogisk leiar p.t. i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026–30.11.2027, med moglegheit for forlenging.

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG. 

Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen;

  • Deltek i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid.
  • Bidreg til ein trygg, leikande og lærande kvardag for barna.
  • Er ein nær og tilgjengeleg vaksen som ser kvart enkelt barn.
  • Samarbeider tett med kollegaer, føresette og leiing.
  • Er med på å utvikle eit inkluderande og fagleg sterkt miljø i barnehagen.

Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant utdanning med godkjent pedagogisk kompetanse.
  • Kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar:

Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som:

  • Brenn for barnas beste og barnehagefaget.
  • Er ein trygg og omsorgsfull vaksen med gode relasjonelle evner.
  • Er leiken, kreativ og til stades i møte med barna.
  • Samarbeider godt og bidreg positivt i personalgruppa.
  • Har humor og rausheit i ein travel kvardag.

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss får du ikkje berre ein jobb; du blir ein del av eit fagleg fellesskap;

  • Eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
  • Fadderordning for ein god start.
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Ressursar innan språk, tidleg innsats og pedagogisk arbeid.
  • Ein kvardag prega av psykologisk tryggleik og arbeidsglede.
  • Kollegaer som heiar på kvarandre – og har det kjekt saman.

Vi tilbyr i tillegg:

  • Lønn og arbeidsvilkår etter Hovudtariffavtala.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Moglegheit for kurs og vidareutdanning.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    05.07.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6655511
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune