Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
30.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6573782Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik på 2 til 6 avdelingar. Alle barnehagane har tilsett styrarar med barnehagelærarutdanning, vi har pedagogar med barnehagelærarutdanning, og vi har mange dyktige og gode fagarbeidarar og barnehagemedarbeidarar, som kvar dag er på arbeid for barna i kommunen.
Arbeidsoppgåver:Som pedagogisk leiar i Ål kommune er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeidet på ei avdeling. Du vil arbeide i tett samarbeid med dei andre tilsette, både i leiarteam, i avdeling og på tvers av avdelingar, og du vil få god støtte frå styrar. Du er med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar:- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
- Heldt deg fagleg oppdatert.
- Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
- Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
- Er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn.
- Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk).
- Ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde.
- Fadder på arbeidsplassen.
- Personalgrupper som arbeider for å vidareutvikle seg.
- Ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs.
- Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Ein kvardag der psykologisk tryggleik har ein naturleg plass.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn og arbeidsforhold er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Søknad og politiattest:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
30.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6573782Se her for andre jobber fra Ål Kommune
-
Pedagogisk leiar i Flekke barnehage til årsvikariat i 100 % stilling
Fjaler kommune
Flekke -
Fagarbeidar
Ål Kommune
ÅL -
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Pedagogisk leiar
Aukra kommune
AUKRA -
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL