Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
23.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6460597Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Måseide barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2026
Måseide barnehage er ein 4-avdelings barnehage, som ligg lunt og skjerma til på same tomt som gamle Måseide skule i Mauseidvåg. Vi har gapahuk og grue på uteområdet vårt, i tillegg til turmoglegheiter i nærmiljøet - tilpassa ulike behov. Uteområdet vårt vart oppgradert for få år sidan med nye leikeapparat.
Vi har to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Der er eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.
Vårt pedagogiske grunnsyn: Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom respekt, kjærlege hender, eit klokt hode og eit varmt hjarte.
Måseide barnehage jobbar i tråd med Sula kommune sin plan for Kultur og oppvekst, samt Samfunnsplanen for Sula kommune og vi har fokus på god kvalitet i tjenestene. Vi søker difor ein person som vil vere med å bidra i dette arbeidet saman med resten av personalgruppa på Måseide barnehage.
Du kan lese meir om barnehagen vår på Sula kommune si nettside, under oppvekst og utdanning.
Kvalifikasjoner:
Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning.
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt. Det vil bli tatt omsyn til samansettinga i personalgruppa.
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.
Personlige egenskaper:
Vere fleksibel og løysingsorientert.
Ta positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team.
Like å vere mykje ute, og vere aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne, samt kunne legge til rette for inspirerende leikemiljø.
Vere ein positiv bidragsyter i endrings- og utviklingsarbeid, og vere lojal mot det som vert bestemt.
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
Kunne arbeide ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
Faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.Spennande samarbeid i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
Lønn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer.
God offentleg tenestepensjoni KLP med gode låne- og forsikringsvilkår.
Nærare opplysningar om stillinga - ta kontakt med styrar Anette Korsnes Andersen.
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
23.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6460597Se här för andra jobb från Sula kommune