Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6008092Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Pedagogisk leiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fosshagen utdanningsbarnehage har ledig eit vikariat som pedagogisk leiar, 100% stilling i tidsrommet 01.01.2025 til 10.08.2025
Arbeidsoppgåver:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø i barnehagen.
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet.
- Fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen.
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette.
- Ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og studentar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
- Gjerne arbeidserfaring frå barnehage.
Andre kvalifikasjonar:
- Beherske relevante IKT verktøy og system.
- Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
- Det vert stilt krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap ved tilsetjing.
- Det er eit ønskje at den som vert tilsett har vidareutdanning i rettleiing.
Personlege eigenskapar:
- God relasjonskompetanse
- Positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode leiareigenskapar og evne til å vere i utvikling
- Evne og vilje til samarbeid for eit godt arbeidsmiljø
- Omsorgsfull og anerkjennande
- Engasjert, positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner
- Aktiv, leikande og engasjert.
- Motivere, rettleie og støtte personalet i det pedagogiske arbeidet
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6008092Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Psykiatrisk sjukepleiar/familieterapeut
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Nattevakt - Bu og miljø Balestrand
Sogndal kommune
BALESTRAND -
Miljøterapeut/miljøarbeidar - Bu- og miljø Leikangar
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Barnehagelærar til Våge barnehage
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Avdelingsleiar psykisk helseteam
Sogndal kommune
Sogndal