• Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    14.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5785989
  • Se här för andra jobb från Sula kommune
Ledigt jobb

Sula kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Molvær barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2024.

Barnehagen ligg idyllisk til Geilneset ved Langevåg der vi har fjøra og sjøen som næraste nabo.

Vi har eit stort og flott uteområde som vi er stolte av  og som innbyr til mykje spennande leik i eit variert miljø. Vi er også aktive brukarar av nærmiljøet og jobbar etter visjonen vår aktiv og glad i eit trygt miljø. 

 

I Molvær barnehage skal dei vaksne møte barna på ein autoritativ måte. Vi skal vere varme vaksne med tydelege grenser og gode relasjonar til barna. 
Kvart barn og familie skal oppleve at dei blir sett, høyrt, forstått og respektert. 

Barnehagen har 4 avdelingar med to småbarns- og to storbarnsavdelingar.  Avdelingane har eit godt og tett samarbeid.


Om dette høyrest ut som ein god arbeidsplass for deg, oppmodar vi deg til å søke. Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga - ta kontakt med styrar Anne Kari Vadset. Du kan også lese meir om Molvær barnehage på Sula kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning.


Kvalifikasjoner:

  • Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning.
  • God relasjonsbyggar både mot barn og vaksne
  • Nytenkande og kreativ, dele tankar og idear med kollegaer.
  • Kan å bruke og viser interesse for digitale verktøy i arbeidet.
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Du er ein positiv bidragsyter i endrings- og utviklingsarbeid, og du er lojal mot det som vert bestemt.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
  • Du likar å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar.
  • Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
  • Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
  • Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
  • Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
  • Dine faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
  • Spennande samarbeid i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
  • Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
  • Lønn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer.
  • God offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår.
  • Gratis parkering
 

  • Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    14.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5785989
  • Se här för andra jobb från Sula kommune