• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    22.10.2019
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2177580
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 15.10.2019
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Giske Kommune

Pedagogisk leiar 100 % vikariat ved Vigra barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar ved Vigra barnehage frå snarast, og i om lag eitt år.

Barnehagen har tre til fire avdelingar, omlag 60 barn, og har realfag, sosial kompetanse, digital kompetanse, språk og livsmeistring som klare satsingsområde.

Barnehagen deltek i eit tre-årig prosjekt der hovudfokus er verdibasert leiing.

Menn blir oppmoda om å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stilinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal skannast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for å planlegge, gjennomføre og utvikle prosjekt i tråd med barnehagen sin årsplan og den nye rammeplanen
  • Ansvar for å leie og rettleie personalet
Kvalifikasjonar
  • Barnehagelærarutdanning
  • Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
  • Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
  • Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
  • Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    22.10.2019
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2177580
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 15.10.2019