Ledigt jobb

Øygarden kommune

Pedagogisk leiar 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Liljevatnet barnehage er ei barnehage med 6 avdelingar, lokalisert på Knarrevik på tidlegare Liljevatnet skule. Vikariatet er på ei avdeling med barn i 1-2 års alderen. Liljevatnet barnehage er ei barnehage med store, lyse lokalar tilpassa moderne barnehagedrift. Den har også gode og varierte uteområde. Ute finn du blant anna både tilrettelagte leikeareal, eit skjerma området for dei minste og spanande naturområde. Barnehagen har eigen gymsal/scene og gode personalrom/arbeidsrom for dei tilsette.

Satsingsområda til barnehagen er fokus på språk, sosial kompetanse og relasjonsbygging gjennom mellom anna De utrolege årene og Dinosaur -skule.

Vi har forventingar til eit personale som er i stadig utvikling, både fagleg og personleg. Eit personale som bidrar til å gje positivt innhald til vår visjon: Vi set varige spor.

Vi samarbeider godt med kulturskulen som er lokalisert i 2.høgda i same bygg. Her deltar 4-åringane på musikksamling ein gong i veka. Ved spesielle anledningar som sommaravslutning med føresette, bidrar kulturskulen med sin ekspertise, til stor glede både for store og små. Andre delar av bygget vil halde fram med å ha funksjon som nærmiljøanlegg med aktivitetar på kveldstid.

ArbeidsoppgåverPedagogisk leiar har ei sentral rolle i å utvikle barnehagen for framtidas oppgåver og vil høyre til leiarteamet:
  • Ansvar for å leie barnegruppa og samarbeide tett med føresette.
  • Vera ein motiverande teamleiar og rettleiar for personalet på eigen avdeling.
  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet frå planlegging til dokumentasjon, i tett samarbeid med resten av personalet.
  • Delegere oppgåver på avdelinga.
  • Sjå kvart barn, gje omsorg og ta initiativ til leik og aktivitetar som skapar samhandling, relasjonar og vennskap barna i mellom.
  • Bidra til høg delingskultur slik at barnehagen vert ein lærande organisasjon som gjer kvarandre god.
Kvalifikasjonar:

 

Må ha: Barnehagelærarutdanning

Ønskjeleg med: Erfaring frå arbeid i barnehage som pedagogisk leiar

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer ein person som er positiv, raus, inkluderande og inspirerande vaksen og kollega.
  • Du har gode evne til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging.
  • Du må like utfordringar
  • Du bidrar til ein tilbakemeldingskultur som skapar motivasjon, vekst og trivsel.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og er løysingsorientert i ein hektisk kvardag.
  • Du set barnet sitt beste i fokus og er ei god medspelar for føresette om å gje barna ei god oppvekst – og slik set du varige spor.
Anna:
  • Dette er en midlertidig stilling fom 02.10.24 – 14.08.25
  • Vi har eit vaktsystem der vi rullerer om tidleg-, mellom- og seinvaktar. 
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Einingsleiar: Monica Beathe Vindenes, monica.vindenes@oygarden.kommune.no

                       Mob. 91380598

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.