Company
Øygarden kommuneApplication deadline
14.05.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5164172Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 29.04.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Pedagoger til barnehager, Øygarden kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Pedagogar til barnehagane i Øygarden kommune
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutvikler med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressurser. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjoner om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune sine verdiar: Stolt – På lag – Med glød - Modig
Øygarden kommune har 14 kommunale barnehagar frå Steinsland i sør til Rong i nord. Vi har behov for fleire pedagogar. Frå hausten har vi fleire ledige stillingar som pedagogisk leiar og barnehagelærar for fast tilsetting og vikariat.
Arbeidsoppgåver:
- Leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre
- Ansvar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med personalet
- Arbeide for eit trygt og godt miljø for barn og vaksne
- Dagleg arbeid med barn, både inne og ute, samt jobbe for eit godt foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar:
- 3-årig barnehagelærar-/førskolelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
- Du må like utfordringar og vera endringsvillig
- Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
- Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre
- Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert
- Du er positiv og ser verdien av humor på jobb
- Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis. Faglege ambisjonar og hjarte for det du driver med
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Lisbeth Låstad, HR-fagleiar oppvekst, 56 16 15 80
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
14.05.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5164172Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 29.04.2023