• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    07.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6599321
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
Ledig stilling

Hå kommune

Pedagog ved ATO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ATO-avdelinga ved Bø skule søkjer ny medarbeidar til eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Stillinga kan eventuelt kombinerast med utlyst stilling som miljøterapeut, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og behov ved avdelinga.

Elevgruppa ved ATO har samansette og omfattande behov, og arbeidskvardagen kan til tider vere krevjande. Samstundes gir arbeidet gode moglegheiter til å utgjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag. Vi ser etter deg som møter elevane med tryggleik, tolmod og varme, og som evnar å stå i utfordrande situasjonar.

Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar, og bidreg aktivt til eit godt fellesskap. Erfaring med alternativ tilpassa opplæring og ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) er ein fordel.

50% fast stilling som pedagog frå 01.08.2026

Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning, gjerne med spesialpedagogikk
- Personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    07.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6599321
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune