Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.09.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4753131Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 07.09.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Oppmålingsingeniør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me har ledig ei stilling som oppmålingsingeniør 100% fast i Sogndal kommune.
Me søkjer deg som vil, tør og kan nytte kommunen sitt handlingsrom for å skape gode resultat. Du vil arbeide på eining for Plan og forvaltning saman med 12 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre.
Stillinga utgjer ei av 3 oppmålingsingeniørstillingar i eit fagmiljø under del-eininga Kart og oppmåling. Alle oppmålingsingeniørstillingane samarbeider nært med dei andre tenesteområda på eininga. Sogndal kommune gjennomfører oppmålingsforretningar for fleire av våre nabokommunar.
Arbeidsoppgåver:
Oppmålingsforretningar frå mottak til fakturering
Matrikkelføring
Sakshandsaming etter matrikkellov, eigarseksjonslov og adresseforskrift
Innbyggjarkontakt
I tillegg kan andre oppgåver tilpassast noko etter kvalifikasjonar, interesser og avdelinga sitt behov.
Kvalifikasjonar:
Har god kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.
Relevant høgare utdanning med minimum bachelornivå og/eller gjerne relevant arbeidserfaring.
Har god kunnskap om matrikkellova og helst erfaring med gjennomføring av oppmålingsforretningar etter dette lovverket, samt kjennskap til vidare relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer m.m.
Har erfaring og kjennskap til verktøy for kartforvaltning og GIS.
Har, eller er villig til å tileigne seg godkjenning som matrikkelførar.
Er strukturert, løysningsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Kan samarbeide med fagfolk i kommunen, konsulentar og publikum elles.
Oppfyller krava til autorisasjon som eigedomslandmålar, eller er villig til å gjennomføre naudsynt etterutdanning for å oppfylle krava
Personlege eigenskapar:
Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til samarbeid er viktige eigenskapar.
Du må ha ein positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne jobbe strukturert og forhalde deg til tidsfristar.
Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg.
Me tilbyr:
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.
Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
Erfarne, kunnskapsrike og omgjengeleg fagmedarbeidar.
Mogelegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
Mogelegheit til utvikling av eigen kompetanse.
Eigen bil i arbeidstid og topp moderne oppmålingsutstyr.
Fleksibel arbeidstid.
Løn og tilsetting etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Gode velferdsordningar.
Det kan vere aktuelt med to tilsetjingar.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
25.09.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4753131Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 07.09.2022