Company
Alver kommuneApplication deadline
31.12.2022Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4359677Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 27.01.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Open søknad - Ressursbank heimetenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Det er oppretta ein Ressursbank for tenesteområdet heimetenesta. I Ressursbanken er det behov for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, sjukepleiar-/vernepleiarstudentar, medisinstudentar og vernepleiarar. I Ressursbanken har vi faste stillingar med fastsatt turnus, der du har arbeidsstad ut frå kvar det er behov. Arbeidsstad i heile kommunen må påreknast. Ressursbanken ligg under Alversund/Seim heimeteneste.
For arbeid i Ressursbank heimetenesta får du eit funksjonstillegg på kr 20.000,-.
Om heimetenesta
"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås, Alversund /Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. Avdelingane samarbeider tett.
Heimetenesta i Alver gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav til at utførte tenester vert dokumentert i Profil.
Vi søkjer
- Sjukepleiar
- Vernepleiar
- Helsefagarbeidar
- Studentar i helsefag
- Assistentar
Det er viktig med gode samarbeidsevner og rette haldningar til arbeid med våre brukarar. Du må ha førarkort klasse B.
Vi kan tilby
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
31.12.2022Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4359677Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 27.01.2022