Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
07.08.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6665401Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Omsorg, faglegheit og gode relasjonar; bli med på laget i Victoriahagen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira?
Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte.
Turnusordninga inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter.
No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato:
Fast tilsetjing:
3 x 100 % miljøterapeut
1 x 60 % helsefagarbeidar
3 x 65,7 % helsefagarbeidar natt
Vikariat:
1 x 75 % helsefagarbeidar fram til 31.01.2027
Oppstart etter avtale.
Korleis er det å jobbe i Victoriahagen?
Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging.
Målet vårt er og ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte:
Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging
Personleg assistanse og praktisk bistand
Opplæring og rettleiing i dagleglivet
Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt
Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov
Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid
Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver.
Kven ser me etter?
For miljøterapeut-stillingane: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet.
For helsefagarbeidar-stillingane må du ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
For alle stillingane ønskjer me at du:
Er trygg i møte med menneske
Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
Samarbeider godt med andre
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt
Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
Fagleg utvikling og rettleiing
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gratis overnatting mellom vaktene
Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.
I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
07.08.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6665401Se här för andra jobb från Sogndal kommune