Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3924210Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 12.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Områdeleiar i Miljøterapitenesta - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte områdeleiarar, og vi har ein eigen avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt. Stillinga er ein av fire områdeleiarar i avdelinga. Gol kommune har god leiarstøtte og eige oppfølgingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å få ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sinestyrkar. Vi ynskjer engasjement og mål oppnåing.
Vi søkjer etter ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringar og å arbeide i team.
Du vil arbeide mykje sjølvstendig. Næraste leiar vil vera avdelingsleiar for miljøterapitenesta.
Arbeidsoppgåver:
• Leiing av eige område med ansvar for tilsette.
• Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
• Samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt foreldre/pårørande
• Utarbeide turnusar i samarbeid med tillitsvalte.
Kvalifikasjonar:
• Utdanning innan leiing, eventuelt leiarerfaring kan erstatte formell kompetanse
• Høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag.
• Søkjar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ønskjer at du har:
• Erfaring frå tilsvarande tenester
• God kjennskap til helse- og omsorgstjenestelovens kap 9 - bruk av tvang og makt.
• Sertifikat for bil
Du er:
• Ansvarsbevisst og arbeidar sjølvstendig og strukturert
• God til å samarbeide
• Løysingsorientert
• God til å handtere fleire oppgåver parallelt
• God til å skape tillit
• God til å tileigne ny kunnskap raskt
Vi tilbyr:
• Leiarløn etter avtale
• God pensjonsordning
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa
For stillinga gjeld:
• Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
15.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3924210Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 12.06.2021