Company
Gol kommuneApplication deadline
15.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5899374Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 28.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gol kommune
Økonomisjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønsker du å leie økonomistyringa i ei modig og ansvarleg kommune i drivande utvikling?
Du må ha høgare økonomisk utdanning og vi ønsker og at du har erfaring frå analyse og utgreiingsarbeid.
Du har hovudansvaret for kommunen si økonomistyring. Hos oss vil du vere med på å samskape utviklinga av kommunen gjennom arbeid med analysar og prognosar. Økonomisjefen er med på å danne eit sterkt felleskap i kommunedirektørens si leiargruppe. Som økonomisjef er du ei del av kommunedirektøren sin stab og rapporterer direkte til kommunedirektøren. Vi nytter verksemdsstyringssystemet, Framsikt.
Arbeidsoppgåver:
• vere ein aktiv premissgivar for vidare utvikling i kommunen
• presenterer økonomiarbeidet for politikarar
• hovudansvar for utarbeiding av budsjett, økonomiplan og rekneskap
• økonomi- og budsjettoppfølging
• leiarstøtte i planlegging av ressursbruk og økonomisk måloppnåing
• rapportering og driftsanalysar
Kvalifikasjonar:
• høgare økonomisk utdanning
• erfaring med økonomisk analysearbeid ifrå komplekse organisasjonar
Vi ønsker at du:
• er ein lagspelar
• forstår leiargruppa sitt behov for støtte og konstruktive råd
• har evna til å sjå heilskap
• er eit menneske som etablerer truverd og møter utfordringar på ein overtydande måte
• har god rolleforståing
• kan framskrive den økonomiske verkelegheita vår gjennom gode analysar.
• deler informasjon og ekspertise for å oppnå felles mål
• føreser problem og avstemmer kortsiktige og langsiktige mål
• har erfaring i frå ei kommune
Vi tilbyr:
• konkurransedyktige vilkår
• dyktige og trivelege kollegaer
• sunn og balansert kommuneøkonomi
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Company
Gol kommuneApplication deadline
15.10.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5899374Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 28.09.2024