Företag
Vaksdal kommuneAnsökningstiden
27.08.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5297687Se här för andra jobb från Vaksdal kommune
- Uppdaterad 07.08.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Vaksdal kommune
Økonomisjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein stolt økonom som evnar å bruke fag og engasjement for god samfunnsutvikling?
Vaksdal kommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og fagleg sterk økonomisjef. Stillinga rapporterer til kommunedirektør og har ei sentral rolle i kommunedirektøren si leiargruppe. Her vil du ha overordna og fagleg ansvar for kommunen si økonomistyring. God kommunikasjon med administrasjon, leiing og politisk nivå er avgjerande. Erfaring frå kommunal sektor vil vere ein fordel.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du ha ansvar for utarbeiding av økonomiplanen til kommunen, årsbudsjett, rekneskap, årsrapport og økonomirapportering.
Du vil også vera ein viktig rådgivar der du vil bidra med analysar og kontroll. Som økonomisjef vil du spela ei aktiv rolle i å fremja heilskapleg verksemdsstyring og utvikling av kommunen. Vidare vil du ha fagleg ansvar for den overordna økonomistyringa til kommunen, finansforvalting og handtering av saker som involverer det politiske nivået i kommunen. Her vil du også vera ansvarleg for prosjektleiing ved implementering av nye økonomisystem og løysingar. Du vil ha fagleg ansvar for innkjøp, startlån og ulike tilskotsordningar. Handtering av eigedomsskatt vil også vera ein del av ansvarsområdet ditt.
Kva ser me etter?
Me søkjer deg med relevant utdanning frå universitet eller høgskule, og helst solid erfaring innan økonomi- og verksemdsstyring. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring frå leiing med personalansvar vil vera ein fordel, og me legg vekt på erfaring frå offentleg sektor.
Som person er du strategisk og strukturert i arbeidet ditt. Du er løysingsorientert og har evna til å gjennomføra tiltak. Tryggleik og tillitsskapande eigenskapar er viktige, og du har gode analytiske evner. Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner er viktig, i tillegg til god digital kompetanse. Du trivst med samarbeid og du evnar å byggja gode relasjonar med kollegaer, administrasjonen, leiinga og det politiske nivået.
Me tilbyr
Vaksdal kommune er ein kommune i god utvikling, der me tilbyr spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Me legg vekt på fleksibel arbeidstid og moglegheit for delvis heimekontor. Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø prega av ein uformell tone og eit sterkt ønske om å skapa noko saman. Me tilbyr også gode moglegheiter for kompetanseutvikling og har gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Løn etter avtale.
Lurer du litt på korleis det ser ut hos oss, eller kven du vil få som kollegaer? Går det an å pendla eller arbeide på toget på veg til jobb? Ta ein kikk på korleis det er å arbeide i Vaksdal her.
For nærare informasjon om stillinga kontakt gjerne vår samarbeidspartner på rekruttering i Jefferson Wells ved Anette Hansen, tlf. 900 80 079 eller Torill Eidsheim, tlf. 993 25 710.
Alle førespurnader vil bli behandla konfidensielt. Openheit og innsyn i forvaltninga er viktig, derfor vil alle som søkjer hos oss bli sett opp på den offentlege søkarlista om dei ikkje har god grunngjeving for å unntak. Me tar kontakt med deg dersom me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før, er brukarnamn ofte e-posten du brukte sist.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: på e-post tiril.hesjedal.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 955 27 504
Företag
Vaksdal kommuneAnsökningstiden
27.08.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5297687Se här för andra jobb från Vaksdal kommune
- Uppdaterad 07.08.2023