Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.08.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4702173Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 16.07.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Økonomirådgjevar - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?
Me søker ein medarbeidar med god økonomikompetanse i botn som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen. Du treng ikkje kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, men gode tenester over tid forutset at me har orden i økonomien. I dette arbeidet vil du vere sentral og kan gjere ein skilnad i vår kommune!
Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor budsjett, rekneskap, innkjøp og eigedomsskatt. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og kommunedirektør.
Arbeidsoppgåver:
verksemdstyring og utvikling
utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
økonomisk analyse
rapportering
økonomistyring, oppfølging, rettleiing
innkjøp
internkontroll
Kvalifikasjonar:
høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
gode IKT-kunnskapar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
nyutdanna vert og oppfordra til å søke
Eigenskapar:
evne til å arbeide både strategisk og operativt
er nøyaktig og strukturert
har humor og arbeidsglede
du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
er god til å formidle, forankre og få folk med på laget
har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert
Me tilbyr:
eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
gode pensjons- og forsikringsordningar
gode velferdsordningar
fleksible arbeidstidsordningar
løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sentast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
10.08.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4702173Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 16.07.2022