• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5881084
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 20.09.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Økonomikonsulent 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomikonsulent. Stillinga er plassert på Økonomiavdelinga som er lokalisert saman med Personal og organisasjon som saman utgjer støtte-stabsfunksjonen til kommunedirektøren. Økonomiavdelinga er ansvarleg for utarbeiding av økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og økonomiske analysar til bruk i politiske vedtak. I tillegg til lokale medarbeidarar vil du få tilgang til større fagmiljø gjennom Føys-samarbeidet på økonomi, og Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS) på innkjøp. Vi nyttar Visma Enterprise som HR, løns- og rekneskapssystem og Framsikt til budsjett og rapportering.

Varierte og givande arbeidsoppgåver

Er du ein engasjert og analytisk person som ynskjer å gjere ein forskjell i Fjaler samfunnet? Fjaler kommune søkjer ein dyktig økonomikonsulent til vårt team på økonomiavdelinga. Ditt arbeid vil vere ein del av grunnlaget for politiske vedtak og vere med å bidra til ei berekraftig økonomisk utvikling for kommunen. Du let deg inspirere og motivere av å samarbeide og samhandle med andre. Med din kompetanse vil du vere ein viktig støttespelar for kommunalsjefar og leiarar i kommunen.

Sjansen til å utvikle deg

Du vil får interessante og faglege utfordring og sjansen til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på halde oss orientert om kva som skjer i kommunen og på økonomiområdet. Hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe med komplekse problemstillingar, utvikling av digitale løysingar kor din innsats vil vere synleg og bli sett stor pris på. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan fagområde.

Arbeidsoppgåver
  • Du vil bli ein bidragsytar i budsjett-, analyse og rapporteringsarbeidet
  • Bidra i utviklings- og forbetringsaktivitetar innanfor fagområdet
  • Fakturering og innkrevjing
  • Anna regnskapsarbeid som remittering, momsoppgjer, fakturabehandling, refusjonar, prosjektrapportering m. m
  • Controller oppgåver
  • Innkjøpsansvarleg
  • Digitalisering og utvikling av elektroniske arbeidsprosessar.
  • Opplæring av interne brukarar i budsjett- og Økonomisystem
  • Utarbeiding og vedlikehald av interne rutinar på ditt ansvarsområde

Fjaler kommune er ein av deltakarkommunane i SYS- ikt samarbeidet. Dersom den rette søkjaren viser seg kan det vere aktuelt å legge koordinering av ikt aktivitetane internt i kommunen og mellom kommunen og SYS-ikt til denne stillinga.

Kvalifikasjonskrav
  • Høgare økonomisk utdanning. Relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • God digital kompetanse
  • Analytiske ferdigheiter
  • God norsk munnleg -og skriftleg framstillingsevne


Det blir vektlagt at personen er egna til stillinga.

Vi søkjer ein person som:
  • Er strukturert, analytisk og har god gjennomføringsevne
  • Er sjølvstendig
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Har interesse for forbetringsarbeid og som tar det vidare ut i organisasjonen.
  • Har evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag med fristar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:
  • God opplæring
  • Godt samarbeidsklima
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordninga

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte økonomisjef Annikken Myklebust. 

Vi ser fram til å høyre i frå deg!

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.10.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5881084
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 20.09.2024