• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    02.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2920076
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 12.05.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Nyoppretta fastlegeheimel i Giske kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er oppretta ny fastlegeheimel i Giske kommune med oppstart 01.09.2020 eller etter avtale.

Heimelen er knytt til Giske kommunale legesenter. Legesenteret er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Gruppepraksis med totalt ni fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Det er ikkje knytt kommunale oppgåver til stillinga.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Heimelen er nyoppretta og utan krav om betaling av praksiskompensasjon. Listetak blir sett etter avtale. Det vil bli overført ein andel pasientar frå andre fastlegelister i kommunen til den nye heimelen.

Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS til gunstige leigevilkår.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt og interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Arbeidsoppgåver
  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og fagleg utvikling av legetenesta. 
  • Deltaking i legevakt.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  •  
  • Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

    Lenke til legeforeningens sitt skjema Søknadsblankett for legestillingar
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    02.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2920076
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
  • Oppdatert 12.05.2020