Ledig stilling

Innlandet fylkeskommune

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Undervisningsstilling i engelsk

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 30% fast undervisningsstilling i engelsk frå 1. august 2026. Stillinga kan kombinerast med andre ledige stillingar ved skulen.

Vi søkjer deg som

  • har undervisningskompetanse i engelsk 
  • gjerne har undervisningskompetanse i andre fag som skulen treng 
  • har eleven i fokus 
  • kan bruke digitale ressurser i undervisning og anna arbeid 
  • er initiativrik
  • er samarbeidsorientert 
  • er ysingsorientert 
  • vil vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon 

Vi tilbyr

  • ein givande og utfordrande jobb 
  • eit inkluderende og raust skulemiljø
  • eit  breidt og spennande fagmiljø 
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 30% fast stilling ledig frå 01.08.2026
  • arbeidsstad Otta
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillingen, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk

Arbeidsoppgåver

  • undervisning

Kvalifikasjonskrav

  • 60 stp i engelsk
  • formell pedagogisk utdanning

Ønskte kvalifikasjoner

  • undervisningskompetanse i engelsk 
  • relevant undervisningserfaring 
  • forståing for, og bruk av informasjonsteknologi som arbeidsverktøy 
  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg 
  • det er ønskjeleg med breidde i fagkompetanse 
  • gode samarbeidsevner 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.