Ledig stilling

Innlandet fylkeskommune

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Undervisningsstilling i teknologi og forskningslære

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 30% fast undervisningsstilling i programfaget teknologi og forskningslære frå 1. august 2026. Stillinga kan kombinerast med andre ledige stillingar ved skulen.

Vi søkjer deg som

  • evne til å skape skaparglede, engasjement og utforskartrang 
  • leie prosjektbasert arbeid med fokus på teknologi, digital datainnsamling og sensorar 
  • erfaring med praktisk teknologi og programmering 
  • har breidde i undervisningskompetanse, spesielt matematikk på høgt nivå 
  • har eleven i fokus
  • kan bruke digitale ressursar i undervisning og anna arbeid 
  • er initiativrik 
  • er samarbeidsorientert 
  • er løysingsorientert 
  • vil vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon 

Vi tilbyr

  • ein givande og utfordrande jobb 
  • eibreidt og spennande fagmiljø 
  • eit inkluderande og raust skulemiljø 
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 30% fast stilling ledig frå 01.08.2026
  • arbeidsstad Otta
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk 

Arbeidsoppgåver

  • undervisning

Kvalifikasjonskrav

  • relevant realfagleg/teknologisk utdanning på masternivå 
  • formell pedagogisk utdanning 

Ønskte kvalifikasjoner

  • undervisningskompetanse i programfaget teknologi og forskningslære
  • relevant undervisningserfaring 
  • forståelse for, og bruk av informasjonsteknologi som arbeidsverktøy  
  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg 
  • ønskeleg med breidde i fagkompetanse 
  • gode samarbeidsevner 

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.