Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349893Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 15.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Nestleiar i HAFS interkommunale barnevernteneste
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig nestleiar i 100 % fast stilling til HAFS barnevernteneste. Vi ønskjer oss ein nestleiar som er oppteken av å møte tilsette, brukarar og samarbeidspartar på ein audmjuk og trygg måte.
HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har 10 tilsette med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget, undersøking, tiltaksarbeid, barn under omsorg og rettleiing og sakshandsaming etter barnevernslova. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, som betyr noko reiseverksemd i arbeidet.
Barnevernfeltet er i stadig utvikling, og du som nestleiar vil vere ein viktig samarbeidspart for barnevernleiar for å sikre gode tenester til brukarane i HAFS. Du vil få eit særskilt ansvar for å fylgje opp det faglege arbeidet og samarbeide tett med leiar, både som diskusjonspartnar og med oppgåver i dagleg drift. I leiar sitt fråvær vil det vere nestleiar som tek over ansvaret for barneverntenesta.
I tett dialog med leiar vil du få eit særskild ansvar for oppgåver som t.d introduksjon av nye tilsette og å sikre gode opplæringsplanar i tenesta. Det vil og ligge til stillinga å følgje opp kompetanse- og utviklingsplanar og det er difor viktig at du trivast med fagleg rettleiing og er oppteken av kompetanseutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for opplæring og kompetanseheving
- Fagleg ansvar saman med leiar
- Sakshandsaming etter barnevernlova
- Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
- Fosterheimsoppfølging
- Direkte tiltaksarbeid med barn og foreldre
- Samarbeid med andre instansar i akutte situasjonar/kriser
- Deltaking i interkommunal telefonvakt som er delt mellom 7 kommunar
- Oppfølging av drift av barneverntenesta i samarbeid med leiar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom
- Ønskjeleg
- erfaring frå kommunalt eller statleg barnevern
- god kompetanse på gjeldande rutinar og lovverk
- relevant vidareutdanning
- Førarkort Kl. B
- Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga
Personlege eigenskapar
- Gode rettleiingsevner
- Kunne leie faglege møte både internt og eksternt
- Stå stødig i vanskelege avgjersler
- Gode samarbeidsevner
- God relasjonskompetanse
Vi tilbyr
- Intern og ekstern rettleiing
- Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Fagleg og personleg utvikling gjennom veiledning, opplæring, kurs og vidareutdanning.
- Lønn etter erfaring og kvalifikasjonar, 50 000,- i tillegg
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
Er du interessert i vite meir om oppgåvene og arbeidsplassen? Då håper vi du tek kontakt med oss.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349893Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 15.09.2023