• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3291211
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 21.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Nestleiar i HAFS interkommunale barnevernteneste

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig nestleiar i 100% stilling til barneverntenesta, då vår noverande nestleiar skal pensjonerast på nyåret. Som nestleiar ønskjer vi oss ein engasjert medarbeidar som vil få eit særskilt ansvar for arbeid med kompetanseutvikling i tenesta. Nestleiaren vil ha eit nært samarbeid med leiar av tenesta, både som diskusjonspartnar og i oppgåver i dagleg drift. I leiar sitt fråvær vil det og vere nestleiar som tek over leiinga av barneverntenesta.

I tett dialog med leiar vil du få eit særskild ansvar for oppgåver som introduksjon av nye tilsette og å sikre gode opplæringsplanar i tenesta. Det vil og ligge til stillinga å følgje opp kompetanse- og utviklingsplanar. Det er difor viktig at du trivast med faglege rettleiing og er oppteken av kompetanseutvikling.  

Barnevernfeltet er i stadig utvikling, og du som nestleiar vil vere ein viktig samarbeidspart for barnevernleiar for å sikre gode tenester til brukarane i HAFS.

Interessert i vite meir om oppgåvene og arbeidsplassen? Då håper vi du tek kontakt med oss. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for opplæring og kompetanseheving
  • Sakshandsaming etter barnevernlova
  • Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
  • Fosterheimsoppfølging
  • Samarbeid med andre instansar
  • Direkte tiltaksarbeid med barn og foreldre
  • Arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
  • Deltaking i interkommunal telefonvakt som er delt mellom 7 kommunar
  • Oppfølging av drift av barneverntenesta i samarbeid med leiar 

Kompetanse

  • Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom
  • Brei erfaring frå relevant kommunalt/statleg barnevernsarbeid
  • God kompetanse på gjeldande rutinar og lovverk

Personlege eigenskapar

  • Gode rettleiingsevner
  • Kunne leie faglege møte både internt og eksternt
  • Stå stødig i vanskelege avgjersler
  • Ha godt overblikk over samarbeidsinstansar og -system
  • Gode samarbeidsevner internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter lokal avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3291211
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 21.11.2020