• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    30.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6086619
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Navigatørar - Open Søknad - Vikar

Ferger

Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!

Er du navigatør og ynskjer å jobbe som vikar i friperiodar, eller er du pensjonist å vil ta nokon vakter i blant? Uansett grunn for at du vil jobbe som vikar så vil vi gjerne ha din søknad! 
Her kan du legge inn søknaden din dersom dei andre stillingannonsene ikkje passar deg akkurat no.

For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:

  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe

Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.

Kvalifikasjoner:

For å jobbe som navigatør må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:

  • Minimum D4-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Nordiske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

Som vikar i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Offisersforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.

Vi ser fram til å sjå søknaden din!

 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    30.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6086619
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA