Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
30.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6086617Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Maskinoffiser - Open Søknad - Vikar
Ferger
Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!
Er du maskinoffiser og ynskjer å jobbe som vikar i friperiodar, eller er du pensjonist å vil ta nokon vakter i blant? Uansett grunn for at du vil jobbe som vikar så vil vi gjerne ha din søknad!
Her kan du legge inn søknaden din dersom dei andre stillingannonsene ikkje passar deg akkurat no.
For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
- Kor i landet du ønskjer å jobbe
- Kor ofte du ønskjer å jobbe
Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.
Kvalifikasjoner:
For å jobbe som maskinoffiser må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
- Minimum M3-sertifikat
- FSE E-læringskurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
Som vikar i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.
Vi ser fram til å sjå søknaden din!
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
30.06.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6086617Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA