• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    20.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6043098
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
Vacancy

Vestnes kommune

NAV Vestnes søkjer rettleiar!

Offentlig forvaltning

NAV Vestnes har ledig 80 % fast stilling!

Vi søkjer etter ein engasjert rettleiar som er interessert i å jobbe med mennesker, kartlegge behov og finne gode løysingar i samarbeid med mennesker i ulike situasjoner. NAV sin visjon er å gje mennesker moglegheiter og vi søkjer etter ein fast tilsett med hjarte for mennesker og våre fagområder.

Arbeidsoppgåver
• Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med mål om arbeid og utdanning
• Kartlegging, vurdering og sakshandsaming knytt til gjeldande lovverk
• Vurdere, iverksette og følge opp aktuelle tiltak
• Utstrakt samarbeid med ulike samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar
• Fullført utdanning tilsvarande bachelor frå høgskole/universitet. Utdanning innan helse - og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag, psykologi, rettleiing, personal eller leiing er ein fordel. Andre utdanningsretningar kan også være aktuelle. Relevant erfaring kan i særskilde høve kompensere for utdanningskravet
• Rettleiingskompetanse
• Gode skriftlege og muntleg kommunikasjonsferdigheter på norsk
• God kompetanse på digitale verktøy
• Førerkort kl. B

Ønska kvalifikasjonar:
• God kjennskap til arbeidsmarkedet og opplæringsmoglegheiter
• Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
• Erfaring frå samarbeid med arbeidsgivar
• Erfaring frå sakshandsaming og lovtolking
• Kjennskap og interesse for NAV sitt samfunnsansvar

Personlege eigenskapar
• 
Det viktigaste for oss er at du har ein smittsam fremtidstru om at alle menneske trass i ulike utfordringar, har ressursar som kan nyttas i arbeid.
• Stor arbeidskapasitet og evne til å klare ein hektisk kvardag på jobb, vere fleksibel og omstillingsdyktig
• Gode samarbeidsevner og stor fleksibilitet og evne til å handtere fleire saker samtidig
• Evne til å være ein teamspelar som også klarer å ta sjølvstendige grep og vurderingar
• Evne til å jobbe effektivt, systematisk og heilskapleg, vere resultatorientert
• Genuin interesse for menneske og ønske om å utgjere ein forskjell

Vi vil legge vekt på om du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr
• Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
• Opplæring og rettleiing
• Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
• Fleksibel arbeidstid
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning gjennom KLP

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.



 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    20.02.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6043098
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune