• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6661792
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Sjukepleiar

Natt-tenesta i Kvam

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? 

Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat i Natt-tenesta frå august 2026 og med eitt års varigheit. Vikariatet er for tida knytt til oppdrag på natt, for meir informasjon om arbeid knytt til stillinga, ta kontakt med gruppeleiar i Natt-tenesta.

  • Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg og i heimetenesta
  • Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene

I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!

 

Arbeidsoppgåver

Sjukepleie til heimebuande og på institusjon.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må ha sertfikat klasse B 
  • Erfaring frå nattarbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Fleksibel og nytenkjande
  • Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6661792
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad