• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6686722
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Mikkjelsflaten omsorg

Helsefagarbeidar Mikkjelsflaten omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega?

  • Me søkjer helsefagarbeider i 65% vikariat
  • Stillinga er ledig frå 14.09.2026
  • Turnus med arbeid kvar 3. helg 

Mikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og er organisert under tenester for heildøgns omsorg. Det er kort avstand til tilboda i Øystese sentrum. 

På Mikkjelsflaten er det 16 enkle bustader og 6 bustader som er tilegna ektepar. Det er i hovedsak eldre bebuarar med heildøgns hjelpebehov.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg arbeid i avdelinga med bebuarane
  • Tverrfagleg samarbeid med hjelpemiddellager, fysioterapi- og ergoterapitenesta
  • Kommunikasjon og samarbeid med brukarar og pårørande
  • Primæransvar for bebuarar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg(Tilsvarande B2)
  • Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og positiv
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Her kjem du til eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
  • Du får utfordringar og moglegheit til å utvikla deg fagleg
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Vikariat
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6686722
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad