Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
23.05.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4598561Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 04.05.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Næringsrådgjevar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Alver kommune har store ambisjonar for nærings- og utviklingsarbeidet. Kommunen skal vere ein attraktiv stad for å leve, bu, arbeide og skape verdiar. Det er eit mål om å ha vekst i folketal, arbeidsplassar og verksemder. Mongstad og Fensfjorden er eit strategisk viktig utviklingsområde, og kommunen skal vere eit tyngdepunkt for vekst og utvikling innan grøn industri. For å realisere ambisjonane, ønskjer kommunen å styrke sitt arbeid sitt med tilrettelegging for næringslivet. Det blir derfor lyst ut ei ledig stilling som næringsrådgjevar. Stillinga blir ein del av kommunen sitt næringsteam og rapporterer direkte til kommunalsjef for samfunnsutvikling og næring. Kontorstad er på Frekhaug
Ansvar og arbeidsoppgåver
- ta aktivt del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
- ta del i arbeidet med overordna planar og strategiar
- setje i gang og leie prosjekt som støttar politiske mål og ambisjonar
- bidra til tett samarbeid med næringslivet og andre sentrale utviklingsaktørar
- vere ein pådrivar for å sikre godt samarbeid mellom kommuneorganisasjonen og næringslivet, og bidra til at Alver blir oppfatta som ein næringsvenleg kommune.
- marknadsføre Alver som ein attraktiv kommune for nye verksemder og investeringar
- samarbeide med politisk og administrativ leiing, og bidra til samspel på tvers av ulike fagavdelingar
- førebu og leggje fram saker til politisk handsaming
- handsaming av ulike tilskotsordningar, til dømes kommunen sitt næringsfond
- delta i det regionale næringsutviklingsarbeidet.
Kompetanse
- relevant utdanning på høgskule- og universitetsnivå.
- erfaring frå utviklings- og prosjektarbeid
- erfaring frå arbeid med næringsutvikling, nettverksbygging og politiske prosessar
Våre forventningar til deg
- du er strategisk og systematisk - har kommersiell forståing og er god til å byggje nettverk
- du er opptatt av å realisere planar og god til å gjennomføre prosjekt
- du forstår kva det vil seie å jobbe i ein politisk styrt organisasjon
- du er engasjert og god til å formidle (administrasjonsmålet til Alver er nynorsk)
Vi tilbyr
- ei spennande og attraktiv stilling
- ein variert arbeidskvardag
- løn og oppstart etter avtale
- fleksibel arbeidstid.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Trykk på knappen "send søknad", som fører deg vidare i prosessen. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontaktar du innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
23.05.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4598561Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 04.05.2022