• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4598561
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 04.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Næringsrådgjevar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Alver kommune har store ambisjonar for nærings- og utviklingsarbeidet. Kommunen skal vere ein attraktiv stad for å leve, bu, arbeide og skape verdiar. Det er eit mål om å ha vekst i folketal, arbeidsplassar og verksemder. Mongstad og Fensfjorden er eit strategisk viktig utviklingsområde, og kommunen skal vere eit tyngdepunkt for vekst og utvikling innan grøn industri. For å realisere ambisjonane, ønskjer kommunen å styrke sitt arbeid sitt med tilrettelegging for næringslivet. Det blir derfor lyst ut ei ledig stilling som næringsrådgjevar. Stillinga blir ein del av kommunen sitt næringsteam og rapporterer direkte til kommunalsjef for samfunnsutvikling og næring. Kontorstad er på Frekhaug

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • ta aktivt del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
  • ta del i arbeidet med overordna planar og strategiar
  • setje i gang og leie prosjekt som støttar politiske mål og ambisjonar
  • bidra til tett samarbeid med næringslivet og andre sentrale utviklingsaktørar
  • vere ein pådrivar for å sikre godt samarbeid mellom kommuneorganisasjonen og næringslivet, og bidra til at Alver blir oppfatta som ein næringsvenleg kommune.
  • marknadsføre Alver som ein attraktiv kommune for nye verksemder og investeringar
  • samarbeide med politisk og administrativ leiing, og bidra til samspel på tvers av ulike fagavdelingar
  • førebu og leggje fram saker til politisk handsaming
  • handsaming av ulike tilskotsordningar, til dømes kommunen sitt næringsfond
  • delta i det regionale næringsutviklingsarbeidet.

Kompetanse

  • relevant utdanning på høgskule- og universitetsnivå.
  • erfaring frå utviklings- og prosjektarbeid
  • erfaring frå arbeid med næringsutvikling, nettverksbygging og politiske prosessar

Våre forventningar til deg

  • du er strategisk og systematisk - har kommersiell forståing og er god til å byggje nettverk
  • du er opptatt av å realisere planar og god til å gjennomføre prosjekt
  • du forstår kva det vil seie å jobbe i ein politisk styrt organisasjon
  • du er engasjert og god til å formidle (administrasjonsmålet til Alver er nynorsk)

Vi tilbyr

  • ei spennande og attraktiv stilling
  • ein variert arbeidskvardag
  • løn og oppstart etter avtale
  • fleksibel arbeidstid.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Slik søker du

Trykk på knappen "send søknad", som fører deg vidare i prosessen. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontaktar du innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4598561
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 04.05.2022