Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662784Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Musikkterapeut 100% vikariat - Øygarden kulturskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig vikariat som musikkterapeut ved Øygarden kulturskule frå 01.10.2026 - 01.10.2027
Om avdelinga:Øygarden kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag, og har om lag 500 elevplassar. Kulturskulen er ein desentralisert kulturskule med undervisning i heile kommunen. Kulturskulen har eigne lokale på Liljevatnet, der administrasjonen og fleire øvingsrom og arbeidsplassar er samla.
Kulturskulen har eit aktivt tilbod innan musikkterapi retta mot barn, unge og vaksne med ulike behov i barnehage, skule og andre kommunale tenester. Musikkterapien inngår i eit tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen. Vil du vere med å bruke musikken som ressurs for utvikling, meistring og inkludering? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver:- Planleggje og gjennomføre musikkterapi individuelt og i gruppe
- Arbeide med barn og unge med ulike funksjonsvariasjonar og behov
- Leggje til rette for deltaking, meistring og relasjonsbygging gjennom musikk
- Samarbeide tett med føresette, skular, barnehagar og andre faginstanser
- Dokumentere og evaluere det terapeutiske arbeidet
- Delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kulturskulen
- Bidra til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Reising mellom ulike undervisningsstader må påreknast
- Fullført godkjent utdanning i musikkterapi
- God relasjonskompetanse og evne til å skape tryggleik og tillit
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå arbeid med barn og/eller unge
- Erfaring frå arbeid i kulturskule eller tverrfagleg samarbeid
- Kompetanse innan arbeid med ulike målgrupper (t.d. utviklingshemming, psykisk helse, autismespekter)
- Erfaring med både individuell og gruppebasert musikkterapi
- Du er trygg, empatisk og tilpassingsdyktig
- Du er strukturert og sjøvstendig, og tek ansvar for eigen arbeidskvardag
- Du har stort engasjement for barn og unge si utvikling og livskalitet
- Du er fleksibel og samarbeidsorientert
- Du bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Tenestebil ved behov
- Eigen arbeidsplass på Liljevatnet
- Meiningsfullt arbeid med stor samfunnsverdi
- Benjamin Hogstad - rektor Øygarden kulturskule
E-post:benjamin.hogstad@oygarden.kommune.no
Mobil:926 21 887
- Kjartan Fjordheim - inskeptør Øygarden kulturskule
E-post: Kjartan.Fjordheim@oygarden.kommune.no
Mobil: 472 40 152
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
31.08.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662784Se her for andre jobber fra Øygarden kommune