Company
Vestnes kommuneApplication deadline
12.02.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4970323Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 24.01.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vestnes kommune
Miljøvaktmeister 100 %
Offentlig forvaltning
Vi søkjer ein praktisk og allsidig vaktmeister med godt humør og evne til å skape kontakt med dei busette flyktningane. Stillinga er kombinert vaktmeister og miljøarbeidar. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver:
- Frakte møblar og inventar i dei ulike bustadane flyktningane skal busettast i.
- Montering av inventar og utstyr.
- Vedlikehald av bustader/leilegheiter
- Sikkerheit i bustad
- Brannvern kontroll
- oppfølging i bustadene
- Noko miljøarbeid i Flyktningtenesta
Personlege eigenskapar:
- Praktisk anlagt
- Gode samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel/tilpassingsdyktig
- Relasjonsbyggar
- Gode kommunikasjonsevner
- Tolerant
- Vere open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på
- Takle høgt arbeidstempo i periodar i forbindelse med busetting av nye flyktningar
- Førarkort kl. B og helst til større bilar og hengar.
- Det vert stilt krav om politiattest
Ønska kvalifikasjonar:
- Fagbrev som vaktmeister eller erfaring som vaktmeister og/eller innan HMS og brannvern’
- Erfaring med miljøarbeid med born og vaksne og har fleirkulturell forståing
- Kan å kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Generell god datakunnskap (Office pakken)
Vi tilbyr:
- En motiverande jobb der du bidreg til å hjelpe flyktningar til å bli integrerte i Vestnes kommune.
- Fleksibel arbeidstid, der noko arbeid på ettermiddag/kveld, eventuelt helg må påreknast
- Løn etter gjeldande avtale
Vi gjer oppmerksam på at personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i
pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt
elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Company
Vestnes kommuneApplication deadline
12.02.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4970323Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 24.01.2023