Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
20.12.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4240884Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 26.11.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Miljøterapeuter i 80% og 95 % faste stillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøterapitenesta gir tenester til brukarar i eigen heim. Stillingane er knytt til ei gruppe med 7 brukarar som bur i eigen heim i Kristenbråten.
Det er utarbeidd turnus der det er sett av tid til samarbeidsmøter og tid til primærarbeid. Vi har tilbod om fagleg rettleiing og opplæring.
Vi søkjer:
• Miljøterapeut 80 % stilling, fast: langvakter/døgnvakter og arbeid kvar 4. helg.
• Miljøterapeut 95 % stilling, fast: kveldsvakter og langvakter ifm. helg (kvar 4. helg).
Arbeidsoppgåver:
• Opplæring og rettleiing i aktivitetar i dagleglivet (ADL)
• Rettleiing i kosthald og fysisk aktivitet
• Tilrettelegging for brukarstyrt kvardag
• Oppgåva som primærkontakt for ein brukar kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar:
• 3-årig høgskuleutdanning innafor helse, sosial eller pedagogikk
• Evt. utdanna fagarbeidar med relevant fagbrev.
• Førarkort klasse B
• Ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ynskjer at du har:
• Helsefagleg kompetanse eller kompetanse i målretta miljøarbeid.
• Kunnskap om og erfaring med autisme og utviklingshemming
• Kompetanse i behovskartlegging og utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar
• Kjennskap til arbeid med kapittel 9 (tvang og makt)
• Kjennskap til og erfaring i bruk av fysisk intervensjon
• God kunnskap i bruk at elektroniske hjelpemiddel. Det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet.
• Erfaring i bruk av velferdsteknologi og teknologi for brukarane.
Vi tilbyr:
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Fagleg rettleiing
• Hyggelege kollegaer
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og evt. Barnehageplass
For stillinga gjeld:
• Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
20.12.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4240884Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 26.11.2021