• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5065139
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeutar og miljøarbeidere - Fast - 60 - 100 % stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vil akkurat du vere med i, og delta i oppbygging av, eit nytt spanande miljøteam og samværsstad som skal opprettast i Alver barnevernteneste? Då vonar me at det kjem ein søknad frå deg.

Miljøteamet vert ein del av ei ny avdeling i barnevernstenesta; Barne – og familieavdeling. Miljøteamet vil ha arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden skal inngå.

Velkommen til deg som ynskjer å vere med i å byggje opp- og vere ein del av miljøteamet!

Miljøteamet skal rette tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet skal bestå av 6 stillingar.  Ei av stillingane  vil få eit utvida ansvar som driftskoordinator. Driftskoordinator vil bli tilsett og valgt ut i intervjurundane blant søkjarane til stillingane. Kriteria for valet er mellom anna interesse og kvalifikasjonar og personlege eigenskaper for å fylle rolla.  

Om Alver barnevernteneste:

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland og er plasserte i heilt nye flotte lokalar i Helsehuset i Knarvik. Miljøteamet vert lokalisert i ein bustad nærliggjande.

Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fire avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, familierettleiing og fosterheim. Tenesta har òg ei stilling som samarbeid – og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar, samt kontorfaglege, eigen psykolog og fagleiar. Tenesta skal no etablere eit miljøteam og samværsstad.

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar.
  • Tilsyn og tilrettelegging av samvær
  • Familieråd
  • Intensivt arbeid i akutte tilfelle

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høyskoleutdanning (eks. barnevernspedagog, sosionom, vernepleier, lærer m.fl.)
  • Relevant fagbrev (eks. barne – og ungdomsarbeidar mfl.)
  • Gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig
  • Sertifikat klasse B. Avdelinga har tenestebilar.

 I tillegg vil følgjande verte vektlagt: 

  • Erfaring med barn og unge
  • Erfaring med miljøterapeutisk – og miljøarbeid
  • Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1.linje tenester
  • Krisehåndteringskompetanse
  • Kompetanse på sosiale vanskar
  • Erfaring med endringsarbeid
  • Kunnskap om aktivitetstilbud/selv driver med eller har drevet med aktiviteter.
  • Erfaring og kompetanse for gjennomføring av familieråd

Ønska peronlege eigenskaper:

  • Gode evne til relasjonsbygging
  • Evne til å skape samarbeid med andre aktørar
  • God på observasjonar
  • God på endringsarbeid
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Strukturert
  • Sjølvstendig, handlekraftig og kreativ
  • «brette opp ermene» - type
  • At du kan jobbe målretta, ha god struktur og gjennomføringsevne
  • At du tar ansvar for dine arbeidsoppgaver og eigen kompetanseutvikling, samt deltar aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremmende arbeidsmiljø
  • At du har god arbeidskapasitet og god oversikt i eigne arbeidsoppgåver.
  • At du har evne til å begeistre og dele kunnskap

I tilsetjinga i desse stillingane,vil det bli lagt vekt på desse personlege eigenskapene for å bygge eit stabilt og robust team.

Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga

 Vi tilbyr:

At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt svært flotte og tilpassa lokalitetar.

  • Sjølvstendig fleksibelt arbeid
  • Turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg. Vakter dag, kveld og held i turnus. 
  • Fagutvikling på fleire ulike område
  • Systematisk oppfølging av nytilsette
  • Intern og ekstern rettleiing
  • Dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Deltaking i utviklingsarbeid.
  • God pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring. 
Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 

Bli kjent med Alver kommune

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5065139
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.03.2023