Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
15.12.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5978161Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Miljøterapeut/Vernepleiar/Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste har ansvar for å følgje opp fleire barn og unge, og treng no fleire tilsette.
På avlastinga er det barn og unge med ulike hjelpebehov. Ein del av barna har somatiske utfordringar medan andre har utfordringar knytt til åtferd.
Arbeidsoppgåvene varierer med den enkelte sitt funksjonsnivå, og behov for bistand. Vi hjelper til med aktivitetar, rettleiing og elles det som følger med i ein heim. For ungdomane hjelper vi til med rettleiing og butrening i høve det å verte sjølvstendige.
Vi gir tenester heile døgnet, for å støtte og avlaste foreldre som har krevjande omsorgsoppgåver. Rundt dei yngste barna, organiserer vi avlastning i heimen.
Hovudsakleg må ein rekne med å jobbe i ein tredelt turnus med arbeid minimum 3. kvar helg. Dersom du ønsker langvakter laurdag og søndag (inntil 12,5 t) 4. kvar helg er dette mogeleg.
Vi samarbeider tett med skule og barnehage, og har oppfølging av fleire barn på dagtid.
- 2x100 % fast stilling som miljøterapeut
- 2x100 % fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiar
- 100 % mellombels stilling som miljøterapeut
Eining har fått nye oppdrag og tal stillingar kan bli endra ut frå kartlegging av behov i eininga.
Arbeidsoppgåver:- bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvart enkelt barn/ungdom
- tett samarbeid med foreldre, barnehagar, skular og spesialisthelsetenesta
- delar av stillinga er i heimen til dei yngste barna
- koordinatorrolle knytt til ansvarsgruppe og individuell plan
- til miljøterapeutstillingane er det krav om høgskuleutdanning innan helse- / sosial og pedagogiske fag
- til stillingane som vernepleiar eller sjukepleiar er det krav om norsk autorisasjon
- meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- førarkort kl. B
- politiattest må leggast fram før ein tek til i stilling
- er ein trygg og tydeleg vaksen person, som set grenser på ein omsorgsfull måte
- trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
- er løysingsorientert og sjølvstendig
- er i stand til å ta i mot rettleiing frå leiar og ansvarshavande
- er god på tverrfagleg samarbeid – her må ein gje og ta
- vil bidra positivt til eit fagleg og godt miljø
- høgt fagleg nivå, med rettleiing frå spesialisthelsetenesta ved behov
- stor breidde i faglege utfordringar
- ein travel arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode høve for kompetanseheving gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
15.12.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5978161Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune